Skulebøker på nynorsk

 Her kjem ein appell, som eg hadde under valkampen. Eg beklagar om det er mykje feil, men eg orkar ikkje retta det.

Appell mandag 3. september

Eg reknar med at dei fleste veit kvifor me er samla her på Consensus i dag. Dei elevane som skal bruka skulebøker som er på nynorsk har ikkje fått dei ennå. Kvifor ikkje? Har kommunen valt å nerprioritera nynorskelevers rettigheiter?

Når nokons rettigheitar blir trampa på, er det viktig at me er mange som står saman for at deira rettar ikkje skal trykkast ner. Dersom me er mange har me mykje større slagkraft mot dei som utnyttar makta si.

Rogaland fylkeskommune er eit fylke som har mange kommuner der nynorsk er hovudmål. Men allikevel står me her i dag! Utdanningsdepartementet har ikkje gjort jobben sin! De har ikkje bevilga nok pengar til å få ut bøkene, både på nynorsk og bokmål samtidig. Og dette er fordi mange har vrangvilje mot nynorsk i skulen. Særleg høgresida i Noreg. Under skulevalga i år har Høgre og Framstegspartiet krevd å få ut sidemålsfaget frå skulen. Heldigvis er dei aller fleste partia i Noreg mot dette.

Det er også ein feil gjort av forlaga som skulle ha trykt bøkene opp, men dei trykkar bøkene på bokmål før dei trykker bøkene på nynorsk. Dette går ikkje! Me må kreve at bøker på begge målformer trykkes samtidig!

Eg vil bruke litt tid til å fortelja dykk om ei undersøking Norges Mållag utførte før forrige valg, i 2005. Dei stilte alle dei ulike partia i Noreg 6 ulike spørsmål. Eit av dei spørsmåla handla om partiet går inn for at skulebøkene skal kome samtideg og til same pris, uavhengig av om dei er skrevne på bokmål eller nynorsk. Her går faktisk alle partia inn for dette forslaget. Men allikevel står me her i dag. Sånn skal det ikkje vere!

Det er viktig at me er solidariske, og står saman gjennom urett. Det er einaste måten me kan visa kva me meinar, og faktisk gjere noko med det.

Takk til alle som er møtt opp!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s