Stortingsinnlegg om profittfri velferd
Barnehagar skal driva med pedagogikk, ikkje butikk. Sjukeheimar skal gje god omsorg, ikkje god omsetning. Barnevernet er barna si teneste, ikkje profitørar si forteneste. Kvar einaste skattekrone som er betalt inn til velferd, skal gå til velferd – ikkje ei einaste krone skal gå til internasjonale oppkjøpsfond og formuer for dei få.