Stortingsinnlegg om streikeretten

Streikeretten er ein sentral del av den vellykka norske modellen og har sidan fyrstikkarbeidarstreiken, den første norske streiken, i 1889, representert arbeidsfolks makt mot arbeidsgivarane.

Fagorganisering er ein føresetnad for eit velfungerande arbeidsliv, og høg organiseringsgrad med aktive fagforeiningsmedlemmer er viktig for heile samfunnet. Det er viktig at trepartssamarbeidet held fram, men vel så viktig er det at alle partane respekterer rettane til de andre partane.

I den aktuelle saka me no debatterer, er det gode grunnar til å stille spørsmål til grunnlaget og inngrepet frå Arbeids- og sosialdepartementet. Det skaper uro for framtidige arbeidslivskonfliktar og streikar. I brevet frå Fagforbundet, signert av leiaren, Mette Nord, heiter det bl.a.:

«Fagforbundet anser Prop. 80 L som en innskrenkning av streikeretten som er i strid med den lovfestede streikeretten og internasjonale forpliktelser.»

Det burde vore kontakt mellom staten ved regjeringa eller Helsetilsynet og arbeidstakarsida, og ein burde vurdert den enkelte streiken og konsekvensen av dei kvar for seg. Det er veldig uheldig dersom det blir gripe inn unødig mot streikeretten, og det må ein unngå for framtida. Dersom det faktisk ikkje var fare for livet, er det gripe inn mot streiken på feilaktig grunnlag.

Fagrørsla har gjeve oss noko av det me liker best med Noreg. Tryggleik for arbeid, tid til å kvila og til å ha fri. Gode løns- og arbeidsforhold, ein pensjon ein kan leva av, små forskjellar og store moglegheiter.

Me skal vera takksame for alt dette, men det har ikkje kome gratis. Det har kome som følgje av sterke fagforeiningar, tydelege krav og streik. At arbeidarar har rett til å leggja ned arbeidet og protestera mot forholda, enten det gjeld løn, arbeidsforhold eller anna som er viktig for at alle har eit arbeid dei kan leva med, ikkje berre eit arbeid dei kan leva av.

Eg vil avslutta med det diktaren Stig Holmås har sagt om fagforeiningane:

Jeg etterlater mine barn dette diktet

For at de skal lære å elske vindene, havet,

Den søte lukten av stor kjærlighet, –

og fagforeningene.

Uten dem hadde vi ingenting.

Den sultne ser ikke det vakre.

Den trette orker ikke elske.

Jeg etterlater mine barn dette diktet

For at de skal lære å elske vindene, havet,

Den søte lukten av stor kjærlighet, –

og fagforeningene.

Uten dem hadde vi ingenting.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s