Ja til sol i Stavanger!

I desse dagar treng me sola til å lyse opp i kvardagen. Det er mykje å uroe seg for og litt solvarme kan kanskje gjere noko med bekymringsrynkene. Ei av dei store rynkene kjem av klimakrisa, og her kan sola bidra med verkelege løysingar. Solenergi er klimavennlig energiproduksjon utan naturinngrep. Dei siste ti åra har det blitt installert meir solkraft enn kolkraft i verda. Som energihovudstad må Stavangar vere frampå og ta del i denne solskinnshistoria.

Sjølv her i regnvåte Stavanger er det nemleg nok sol til at det er lønsamt med solenergi. At det regnar ein del, bør ikkje bekymre. Forskarar frå SINTEF har funne ut at solstrålene går gjennom regnet og at regn difor ikkje påverkar effekten.  Kaldt klima er ein fordel, for solcellepanel er meir effektive og varar lengre når det er kaldt. Ved Norges arktiske universitet  har ein funne ut at solceller kunne produsert nok strøm til heile den private bilparken i Tromsø mesteparten av året.

Ved å installere solcellepanel eller solfangarar på tak og fasader, kan energi frå sola gje elektrisitet og varme til bygg. Noregs vassdrags og energidirektorat meinar at potensialet for solenergi i Norge er på 7 TWh. Solenergiteknologien blir stadig billigare. Det betyr at strøm frå solcellepanel kan konkurrere med å kjøpe strøm frå nettet når ein tar utgangspunkt i heile levetida til solcellepanelet. Dessuten er kostnadane til drift og vedlikehald låge dei første 20–30 åra.

Reduserte kostnadar er ein av grunnane til at det blir bygd ut meir og meir solenergi i Noreg. I 2018 auka den samla solenergikapasiteten i Noreg med 52 %. Nokre kommunar har også  bygd bygg med solenergi. Framtida.no gjennomførte i 2019 ei undersøking blant norske kommuner. Av dei 179 kommunene som svarte, var det 11 prosent som har fått eit eller fleire bygg med solenergi. Då Brynseng skole i Oslo blei bygd i 2016, blei det installert solceller. No produserer skulen på ein mørk februardag sjølv 2/3  av dei  kilowattene skulen trenger i løpet av ein dag.

Stavanger kommune vedtatt en ambisiøs klima og miljøplan med mål om å kutte utslippa av klimagassar med 80 %. Planen vil fase ut alle fossilbaserte energikjelder i kommunale bygg innan 2020 og «som hovedregel ta i bruk solenergi som del av løsningen i alle nye bygg». I Stavangerplattformen har SV saman med Ap, MDG, Sp og Rødt sagt at det på nye offentlege bygg skal vere solceller og/eller grøne tak, der det er hensiktsmessig.

Stavanger kommune inngjekk i 2019 ein avtale med Naturvernforbundet om ei solsatsing i regionen: «Solsats». I dette prosjektet vil ein sjå på mogleg bruk av solenergi både for privatkundar, i landbruket, i kommunale og offentlege bygg,  samt andre bedriftsbygg.  Stavanger SV meiner at kommunen, med utgangspunkt i dette arbeidet, bør lage ein eigen plan for satsing på solenergi. Denne planen bør seie korleis kommunen kan gjere nytte av solenergi i eigne bygg. Oslo kommune har per i dag 11 bygg med solenergi, og byrådsleiar Raymond Johansen har uttalt ein ambisjon om å byggje ut solenergi på alle kommunale bygg. Her kan energihovudstaden la seg inspirere av Oslo.

Ein kommunal plan bør også klargjere kva kommunen kan gjere for å leggje til rette for investering av solenergi i private husstandar og næringsbygg. Mange bustadeigarar har investert i solenergi dei siste par åra. Likevel ligg Noreg på sisteplass i Europa når det kjem til satsing på solcellar i private bustadar. Mange personar ønskjer å bidra til ei meir bærekraftig framtid, samstundes som ein kan spare utgifter til energi, og dette må kommunen støtte opp om.

Kanskje er det sola som skal redde oss i framtida? Mange forskarar har stor tru på sola som energikjelde. Finske og tyske klimaøkonomar har utarbeida ein modell for korleis verda kan bli utsleppsfri innan 2050. Dei meinar elektrifisering og solkraft er nøkkelen. Solenergi blir den viktigste drivaren i det nye energisystemet, og forskarane meinar at heile 69 prosent av verdas energi kan kome fra solenergi i 2050. «En global overgang til 100 prosent fornybar energi på tvers av alle sektorer – kraft, varme, transport og vann-avsalting – er oppnåelig innen 2050,» står det i innleiinga til rapporten Global Energy System based on 100% Renewable Energy.

I Norge vil vasskrafta framleis vere vår viktigaste energikjelde, men solenergi er i ferd med å bli eit viktig bidrag i verdas omstilling til grøn energi. Energihovudstaden bør ta del i denne utviklinga. Kan solenergi i framtida lyse opp og varme elevar og sjukeheimspasientar i Stavanger? Ved å ta i bruk solenergi kan kommunen bidra til å øke den totale tilgangen på rein, fornybar energi. Stavanger SV meiner at kommunen som energihovedstad må ha høge ambisjonar for satsing på solenergi. Me treng solskinnshistorier og dette kan bli ei det er godt å varme seg på i krisetider.

Kari Vestbø, leiar miljøpolitisk utval Stavanger SV

Eirik Faret Sakariassen, gruppeleiar Stavanger SV

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s