1765 heilt ekte ungar

Me stemmer SV fordi me ikkje toler tanken på at ungar skal veksa opp i fattigdom. Me betaler skatt med glede, fordi me vil at litt av vårt skal gå til dei som treng det meir. I dag er det det motsette som skjer: dei rikaste blir rikare, og dei fattigaste blir fattigare.

1765 ungar i Stavanger veks opp i fattigdom. Ikkje cirka 1700. Eitt tusen sju hundre og sekstifem heilt ekte ungar. Og dei er ikkje aleine. I Noreg er det over 98 000 ungar som veks opp i same fattigdom. Barndommen har du berre ein gong, og ein oppvekst i fattigdom har konsekvensar for resten av livet. Dei ungane som veks opp i fattigdom får ikkje bli med på fritidsaktivitetar. Dei får ikkje bli med på fødselsdagsfeiringar, fordi mor ikkje har råd til gåve. Dei må velja mellom brunost og laurdagsgodt. Dei går i tynne klede på kalde dagar.

Kor sterkt er eigentleg fellesskapet vårt, når me veit at ungar må veksa opp med følelsar av skam og å stå utanfor? Dette kan me og må me gjera noko med!

Viss Erna Solberg meiner alvor med at kampen mot forskjellar er ei hovudsak i valkampen, ja, då må ho skifta parti. Når me snakkar om at me vil gjera noko med dei aukande forskjellane, ja, då meiner me at me vil ta offensive grep som me veit vil sikra meir rettferdig fordeling og mindre forskjellar.

Viss me verkeleg vil kjempa mot ulikskap, må me sørga for at fattige familiar får meir å leva av. Eit løft for barnetrygda er det mest effektive me kan gjera for dei nesten 100 000 norske barna som veks opp i ein fattig familie.

Samtidig som me har så mange ungar som veks opp i fattigdom, blir trygda til uføre foreldre kutta. I festtalane blir det snakka om betre helsetenester, i verkelegheita blir økonomien i sjukehusa stadig tøffare. Mens barnevern og barnehagar treng dei ressursane dei kan få, blir velferdskroner sløst vekk på profitt til dei som vil tena seg rike på velferda. I skulane blir lærarstillingar kutta.

Landet vårt går feil veg. Dei som tener minst har ikkje hatt lønnsvekst på mange år, nå har turen kome til resten av arbeidslivet. For første gang sidan krigen går reallønna ned for vanlege folk. Samtidig aukar den økonomiske eliten inntektene sine, og slepp stadig billegare unna når skatten skal betalast.

Barnetrygda motverkar fattigdom. Sist barnetrygda blei auka var me to barn, i 1996. Hadde ho ikkje stått stille, ville tusenvis av barnefamiliar unngått fattigdom. Men samfunnet har ikkje pengar både til store skattekutt for den økonomiske eliten og betre råd til dei som har minst samtidig. Noreg må velja. Du må velja.

Eitt av forslaga SV vil fremma i samband med revidert nasjonalbudsjett er at regjeringa skal legga fram ein plan for å trappa opp barnetrygda og i tillegg sikra ekstra barnetrygd til familiar med ein einsleg forsørgar eller der det er mange barn.

Mens lønningane fell, og dei som har dårlegast råd heng stadig meir etter, spring bustadprisane frå oss. Den dagen rentene stig vil mange slita med å betala huslånet. Allereie i dag er det mange som ikkje har råd til sin eigen heim. Men det må ikkje vera sånn.

Målet vårt er å endra samfunnet, flytta makt og fordela dei verdiane som blir skapt rettferdig. Det held ikkje med fine talar om små forskjellar og rettferd, det forandrar ingenting. Vårt prosjekt er trygge bustader, betre råd for fattige familiar, lærarar som har tid til alle ungane, og trygge jobbar for alle.

Det er hundre tusen ungar som ikkje får dei same moglegheitene som vennene sine, som har foreldre som bekymrar seg for om husleiga kan betalast, og om det er råd til ungane si fotballtrening og fødselsdagsgåver. Når me høyrer politikarar snakka som om det nesten ikkje er mogleg å gjera noko med at barn veks opp i fattige familiar, er det feil. Det finst tiltak me veit verkar, fattigdom kan motarbeidast. Det einaste anstendige me som politikarar og samfunn kan gjera er å ta kampen mot fattigdom og forskjellar.

Barnetrygd er effektivt for å redusera fattigdom. Alle barnefamiliar får meir å rutta med samtidig som fordelinga blir sikra gjennom at dei med høg inntekt betaler meir skatt. Barnetrygda må aukast generelt, og samtidig ha særlege satsar for dei som lever i familiar som er spesielt utsett for fattigdom, som aleineforsørgarar og familiar med mange barn.

Det er 1765 gode grunnar til at folk i Stavanger bør stemme SV. I haust skal me gi stemmene våre for dei 1765 ungane som veks opp i fattigdom. Du burde gjera det same.

Solfrid Lerbrekk, 1. kandidat til Stortinget, Rogaland SV

Eirik Faret Sakariassen, 2. kandidat til Stortinget, Rogaland SV

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s