Tilståingar frå ein bokmålsgut

Då eg gjekk på vidaregåande starta eg elevmållag på Stavanger katedralskule. Eg har arrangert demonstrasjon for nynorske lærebøker. Men har alltid skrive bokmål. Kvifor?

Opningsføredraget til Tore Renberg under Kapittel vekte noko i meg. Noko eg har lagt vekk i tankane mine i over ti år. Nemleg tanken på å skriva nynorsk. Det var det fleire grunnar til:

  • Eg føler ikkje at eg meistrar det like godt som bokmålet.
  • Ein del folk vil ikkje lesa innlegga mine om dei er på nynorsk, og som folkevald er det viktig å nå fram med bodskapen.
  • Det er for mange språkreglar eg ikkje hugsar, og eg har vore for lat til å pugga dei.

Men no, − no lovar eg bot og betring. Eg lovar ikkje at eg alltid skal skriva nynorsk, for det ville vore å lyga. Men eg lovar at eg skal gjera det oftare. Som allereie sånn sett er oppfylt, ettersom dette truleg er fyrste lesarinnlegget eg har skrive på nynorsk. Men dette skal ikkje verta siste. Eg lovar. Trur eg.

Starta mållag

Eg hugsar godt den dagen me skulle starta Kongsgård Elevmållag. Det var eg og nokre medelevar som hadde gått i lag, med hjelp frå Norsk Målungdom. Det må ha vore haust, for det var faktisk under Kapittel-festivalen. Det er eg ganske sikker på, fordi i eit friminutt tidlegare same dag såg eg Frode Grytten gåande i sentrum. Freidig som eg både var og er, gjekk eg bort til han og spurde om han ville koma på oppstartsmøte og lesa nokre tekstar for oss. Han sa ja og vart med det vårt viktigaste trekkplaster. Det funka! Folk kom, og me starta elevmållag. 

Utan at eg skreiv meir nynorsk av den grunn. Det er jo utruleg. Det er som å verta medlem i fråhaldsrørsla, men framleis drikka gin & tonic.

Kommunereforma og mangfaldet

Språk er viktig for vår identitet, og eg synest det er viktig at folk får skriva på det målføret dei måtte ynskje. Men kommunereforma er eit godt høve til å styrka språkmangfaldet i Stavanger. Renberg har nok rett i at det er eit byfenomen at nynorsken står svakt mot bokmålet. Men han har også rett i at nynorsken samstundes har mykje til felles med stavangerdialekta. Som Tore Renberg sjølv sa det: «Nynorsk er det beste skriftspråket for oss som seier «eg» og «ikkje» og «kor» og «ka» og «helsiken» og «kaffornåge».

Det er trist at me ikkje lenger har ein einaste nynorsk-klasse i Stavanger. Det vil me nok få når me slår oss saman med Rennesøy og Finnøy. Men eg kunne godt tenkt meg at me hadde det i sjølve byen også. Det vil vere ein styrke for elevane å verta meir språkkyndige. Sjølv skulle eg ynskt eg hadde nynorsk som hovudmål då eg var unge, for eg trur det er lettare å læra seg bokmål, ettersom det meste me les elles er på bokmål. Det ville gjort meg betre i språk, så kanskje hadde eg fått meir enn ein trear i tysk?

Auka bevisstheit

Stavanger SV vil føreslå at me i den nye kommunen nyttar nynorsk som målføre. Det vil verta ein overgang for fleire av oss, men alle elevar står fritt til å velja det hovudmålet dei måtte ynskja. For dei fleste er det truleg enno bokmål, men kanskje me får ei større bevisstheit om språk gjennom eit slikt vedtak? Kanskje vil fleire enn eg tenka seg om og sjå kor vakker og nyttig nynorsken er?

Smak på orda: Kjærleik. Naudsynt. Semje. Framifrå. Nynorsk er viktig for norsk kultur og historie. Me er eit land med to offisielle skriftspråk, som alle skal læra seg. Heller ikkje eg tenkjer tilbake på nynorskprøvane på ungdomsskulen med glede. Men det handlar kanskje vel så mykje om korleis sidemålsundervisninga er lagt opp på. Ein startar ikkje med det før på ungdomsskulen. Kanskje burde me byrja tidlegare?

«Open port»

Eg trur forslaget om Stavanger som nynorsk-kommune vil skapa livleg debatt. Og det er bare fint. Språk har skapt skarpe debattar i Noreg i over hundre år. By mot bygd. Borgarskap mot bønder. Bokmål mot nynorsk. Eg har vore i mange skuledebattar gjennom åra, og ofte kom Unge Høgre eller Framstegspartiets Ungdom med harde angrep på nynorsk: Dei kalla det «spynorsk mordliste». «La dem raute på målet, bare vi slipper», skreiv dei i ein brosjyre dei laga. Mange gonger var nynorsken eit ynda mål. Å hata nynorsk kan vera populært.

I Stavanger seier me «eg», me seier «me» og byen kallar seg «open port», som ikkje berre er engelsk, men også nynorsk! Språket kler oss godt. Eg trur Stavanger vil verta ein framifrå nynorsk-kommune − og utan tvil den største!

Eg har alltid vore ein bokmålsgut. Det vil truleg halda fram ei stund til. Men det kjem til å verta stadig meir nynorsk frå denne guten. Og eg håpar det same gjeld for Nye Stavanger!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s