Mattingsdal blenda av ljoset

(Prenta i Stavanger Aftenblad laurdag 27. oktober)

Eg vart provosert over intervjuet av Jan Gunnar Mattingsdal frå KrF, som vart prenta i Stavanger Aftenblad tysdag 23. oktober. Han seier seg her einig med Mørebiskop Odd Bondevik, i at det er synd å leva i homofilt samliv. Mattingsdal seier at det står skreve i Bibelen. Eg har no leitt grundig, særleg i fyrste Mosebok, og har ikkje funne noko slikt. Ettersom Mattingsdal (og Bondevik for den skuld) har veld å tolka det slik, tør eg påstå at Mattingsdal har vorte blenda av ljoset i denne saka.

Mattingsdal seier at me bør halde oss til dei reglane som har ”fungert” i mange tusen år. Det meiner eg er eit svakt argument. Mellom anna så er det fleire religioner og kulturar som i mange tusen år har undertrykt kvinner. Skal ein bare fortsetta med slik, berre fordi det har fungert for nokon, i fleire tusen år?

Fylkestingspolitikaren finn det uforståeleg at nokon kan oppfatta han som intolerant. Eg har enno ikkje møtt nokon som er bekjennende intolerante*. Men det han ytrar meiner eg er særs intolerant, og eg mistenkjer at det ligg ein del fordomar bak.

KrF sin politikk baserer seg på menneskeverd – at alle er verd like mykje. Men samsvarar partiet sin politikk eigentleg med dette?

Med å seia nei til homofilt samliv, seier han nei ti kjærleiken for mange. Ynskjer me å ha det slik i 2007? Eg er for at alle som meiner noko skal få ytre seg. Når dei har ein slik gamaldags og konservativ tankegang, må dei vere klare over at dei blir oppfatte slik og kunne stå for det.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s