I rapporten ”Retusjert reklame og kroppspress” frå 2014, oppga 85 prosent av unge jenter og 30 prosent av unge gutar at dei opplever kroppspress, og nærmare 70 % av jentene meinte at reklame hadde størst påvirkingskraft på dette presset.
I ein fersk rapport frå organisasjonen Press, kjem det fram at ungdom heilt ned i 12-års alder ønskjer å endre på utsjånaden sin. Samanhengen mellom kroppsbilete og dårleg psykisk helse er godt dokumentert, særleg gjeld dette for jenter i tenåra.
Ungdom blir eksponert for enorme mengder kommersielle bodskap, dagleg. Det er ein dokumentert samanheng mellom å sjå retusjert reklame og å kjenne på eit auka kroppspress, særleg hjå ungdom. Forsking viser at ein kjenner seg meir misnøgd med eigen kropp, etter å ha sett bilete av tynne modellar eller idealkroppar, enn om ein har sett på vanlege eller store kroppar.
Våre barn og ungdommar har gjennom barnekonvensjonen rett på eit levevis som fremjar god fysisk og psykisk utvikling. Vi politikarar har ansvar for å legge til rette for at ungdom får eit sunt forhold til eigen kropp og sjølvbilete. Kropp og sjølvbilete hjå barn og ungdom er komplekse fenomen, som dreier seg om mellom anna haldningar hjå foreldre, i venekretsen, kulturen i ulike idrettsmiljø, sosiale medier, reklame- og motebransjen. Vi må arbeide breidt for ungdom si psykiske helse, men å ta eit oppgjer med reklame retta mot unge menneske som dyrkar uoppnåelege kroppsideal, er ei viktig brikke i dette arbeidet.
Dei siste åra har mange tatt kampen mot kroppspress og retusjert reklame. I 2015 lanserte Sanitetskvinnene kampanjen ”lei av å bli lurt – krev merking av retusjert reklame”. Kampanjen samla 26 000 underskrifter. Ungdom mot retusjert reklame, eit nettverk av ungdomsorganisasjonar, har i fleire år arbeida for denne saka.
Trondheim, Kristiansand, Tromsø, Oslo har innført regulering av retusjert reklame. Vår nabokommune Sandnes vedtok i mars i år at retusjert reklame på kommunen sine bymøblar skal merkas. No må Stavanger følgje etter.
Forslag til vedtak:
Stavanger bystyre ber rådmannen legge fram ei sak kor det hentas inn kunnskap frå andre byar som har innført regulering av retusjert reklame, og som skisserer korleis det kan innføras merking av retusjert reklame på bymøblar i Stavanger kommune.
Ingrid Kristine Aspli (SV)
Heidi Leite (SV)
Eirik Faret Sakariassen (SV)
Tilbaketråkk: Sakki på søndag: bystyremøte, kommunalutvalg og landsstyremøte | Fellesskap fungerer!