SVs løfte til deg er å kjempa for eit samfunn som set fellesskapet først, fordi fellesskap fungerar. Eit solidarisk samfunn, som tek dei farlege klimaendringane på alvor. Eit samfunn som gjer mest for dei som har minst.
I Stavanger auker dei økonomiske forskjellane mellom folk. Over 3000 unger veks opp i fattige familier. Det må me gjere noko med! SV vil at alle unger skal få ein god barndom. Stavanger kommune tar med barnetrygda som ein del av berekninga for sosialhjelp, og dermed får dei som har lite frå før ennå mindre. Det vil SV ha slutt på.
SV vil at alle som bor i Stavanger kommune skal få tilbud om Hjem-jobb-hjem, også om ein bor i dagens Finnøy.
Stavanger skal vera ein blomstrende landbrukskommune, ha eit produktivt næringsliv som skapar grøne arbeidsplassar og gode offentlege tenester nær der folk bor. Me skal redusera klimagassutsleppa, sikre ei grønere framtid med rein luft og trygge arbeidsplasser.
Øyane har eit rikt og levende jordbruk og ei stor gartnernæring. Næringa er viktig for å ivareta båe levende bygder med trygge arbeidsplasser og matvaretryggleik. SV vil arbeida for å ivareta eit fortsatt levende landbruk. Eg fikk sjølv hospitera i tomatnæringa ei veke i sommer og er stolt av dei gode lokale produkta landbruket produserar.
SV vil arbeida for at Otto-huset skal fortsetja å utvikla gode kulturtilbod til innbyggjarane og setje preg på Judaberg sentrum med vakker kunst. Biblioteka i dagens Finnøy og Rennesøy må styrkast som møteplasser og kulturinstitusjonar.
Middelalderkyrkjene i den nye kommunen er som Domkyrkja landemerke i landskapet, men óg ein stoltheit for lokalsamfunnet. SV vil difor vera med å syta for det nødvendige vedlikehald av desse kyrkjene.
For å leggja til rette for at det er mogleg å leva godt i hele kommunen vil SV kjempa for gode tenester nær folk. Alle skal sikrast grunnleggjande velferd som primærhelseteneste, barnehage og skule nær der dei bor. Det betyr å bevara kjøkken på sjukeheim, behalde oppvekstsentre og at dei lokale velferdstilboda styrkast.
Den beste velferda skapast av trygge og kompetente ansatte. SV går til val på eit løfte om ein god arbeidsgjevarpolitikk i Stavanger kommune. Kommunen skal være ein attraktiv arbeidsgjevar som sikrer gode velferdstenester. SV vil ha heile og faste stillingar. Det er viktig for eit bedre velferdstilbod, men óg for den enkelte som får meir tryggleik gjennom eit seriøst tilsettingsforhold.
Det er tid for eit skifte i Stavanger, etter 24 år med Høgre-styre. Godt val! Røyst SV!
Eirik Faret Sakariassen,
Ordførarkandidat Stavanger SV