Kvar sommar sidan 2011 har eg hospitert i ulike yrker ei veke eller to. Då har eg vore i barnehage, heimesjukepleie, fengsel, NAV, vaktmester, asylmottak og mykje meir. I sommar skal eg hospitera ei veke hjå Ryfylke tomat på Fogn. Å kjenna betre til tomatproduksjonen er viktig for nye Stavanger.
Haustens val i nye Stavanger vert særs spennande. Det er mogleg å få eit politisk skifte etter 24 år med Høgre-styre i «gamle» Stavanger. Eg er sikker på at eit nytt fleirtal vil vera bra for deg som bur i dagens Finnøy kommune.
Eg gler meg over å verta meir kjend med alle deler av det som frå 1.1.2020 er nye Stavanger kommune. SV er opptatt av å læra og lytta kva som er bra i Finnøy og korleis me kan bidra til at næringslivet kan blomstra inn i den nye kommunen.
Bøndene er båe produsenter og næringsdrivende, men også naturen sine vaktmestre. Uten bonden gror landet igjen. Derfor må landbruket spela ei sentral rolle i næringspolitikken. SV er på lag med bonden. Landbruk vert viktig for Stavanger framover, og SV vil bidra til økt lokal matproduksjon. Når matjord byggast ned for å sikra areal til bolig, næring eller liknande, taper me viktige ressursar for framtida. Matproduksjon er viktig for nasjonal sikkerheit, og me vil trygge at Noreg, i ei framtid med meir ustabilt klima, er meir sjølvforsynt. SV vil tilretteleggja for miljøvennleg landbruk, som nyttar ressursene meir effektivt og er mulig å leva av for bonden. Me vil ha sjølvforsyningsgraden av mat opp, og klimautslipp per produserte eining ned.
Eg hadde nyleg også ein morgon og formiddag på besøk hjå Finnøy sentralskule. Det er kjekt å sjå gode skular, og lærarar og elevar tok meg godt i mot. Bygdesamfunn har mange fordelar, og tette relasjonar mellom skule og samfunnsliv (idrettslag, biblioteket, foreldre) får de godt til i Finnøy. Det har vore skolekutt fleire år i Stavanger, men SVs budsjetter auker budsjetta. Det vil me også gjere i åra som kjem.
Havet har alltid betydd rikdom for Noreg og skal vera verdas matfat for framtida. Me vil ha fjordfiske, framfor risiko med lus, rømming og avfall frå fleire oppdrettsanlegg. SV er kritisk til utslippa oppdrett førar med seg, og vil stille krav om lukka anlegg, for å få samla opp kloakken, få kontroll med lakselus og redusera den biologiske forureininga av villaksstammen. Eit slik tiltak vil truleg også få tilbake rekene i Ryfylkebassenget, samt gjera at annan fisk ikkje tek til seg fôr frå anlegga. Gjennom strenge miljøkrav vil SV sørge for ei reinere oppdrettsnæring.
Stavanger skal vera ein blomstrande landbrukskommune, ha eit produktivt næringliv som skapar grøne arbeidsplasser og gode offentlege tjenester nær der folk bor. Me skal redusere klimagassutslippa, sikre ei grønere framtid med rein luft og trygge arbeidsplasser.
Me må saman ta kampen for eit Stavanger der ingen overlates til seg selv, men kor me tek vare på kverandre. Eit Stavanger som bryr seg om dei som har lite. Eit Stavanger kor det er godt å bu, anten me bur i sjølve byen eller på ei av de mange øyane.
Kort og godt: eit Stavanger for alle!
Eirik Faret Sakariassen,
Ordførarkandidat Stavanger SV