Stortingsvalet avgjer kva for velferdstilbod innbyggarane i Noreg får. Også i Stavanger. SV satsar mest på fellesskap av alle parti på Stortinget. Det må til, om skulane skal få nok lærarar og eldreomsorga skal bli trygg og god for alle. Det handlar om å ha fleire kvalifiserte tilsette med betre tid i eldreomsorga, skulane og barnevernet. Dette kostar pengar, og då må me bruka pengane på det, i staden for skattelette til dei rikaste.
SV føreslo 5,8 milliardar meir enn regjeringa til kommunane i 2018. Med det ville Stavanger få auka inntektene sine med drøyt 215 millionar. Kva det ville bety for kommunen, forstår den veljaren som er oppteken av eit styrka velferdstilbod og fellesskap. Stem for eit styrka fellesskap!
Solfrid Lerbrekk, 1. kandidat Rogaland SV
Eirik Faret Sakariassen, kommunalråd (SV)